Quantcast
Viewing latest article 11
Browse Latest Browse All 28

Grimelia, ein sommerkveld i juni.













Grimelia
 ein sommerkveld i juni.



Etter ei strålande helg og stort bursdagsselskap i Størdal for Solveig,
var det godt å springe av seg litt kaker til toppen av Blåfjellet med utgangspunkt i Grimelia.
 


 
Det var ein fantastisk fin kveld, men nordavinden bles så det var kvite skumdottar på Stavfjorden.

 
Grimelia ligg bada i kveldssola, og bonden er godt i gang med slåtten.
 

 
Ute i øyane ser vi at skyene og disen er så vidt begynt å trekke inn over landet.
 
 
Utsikta frå varden på Blåfjellet er flott
 





Var tenkt å vente ei stund på solnedgangen, men vinden var så kald og intens at det var godt å komme i bevegelse igjen å ta fatt på nedturen.

 

Fantastisk fine vidder her oppe, og spesiellt fint no i den lave kveldssola.


Det vart ingen fotografering i dei fine gamle gruvene i kveld, og snart var vi nede igjen ...


Sola er på hell...
 

 ...og kastar lange skuggar inn over den vakre og fredelege Grimelia.
 


 
På tunet til Dag, vart det tid til ein koseleg prat.
Han fortalde om ei veke med mykje kjekke aktiviteter, om turar  og om spennande lyrefiske :-)
Takk til Dag for praten,
 og takk til doke som har besøkt bloggen og vore med på denne raske turen til Blåfjellet.
 
 
Ha ein fin dag :-)



 


Viewing latest article 11
Browse Latest Browse All 28