Fossedalen
Eigentleg skulle eg laga blogg fra turen vi hadde til Galicia og seinare til Delta de I'Ebre - det kjem litt seinare...:-)
I går, 14.mai 2014, hadde vi ein nydeleg fin tur til Fossedalen i Askvoll, og eg kom heim med ei brikke full av bilder.
Haddde tenkt på tur i dag også, men det sette regnet ein stoppar for.
Det vart ein innedag, og derfor god tid til å jobbe med bilder.
Deler gjerne turen vår med dei som har lyst å vere med...:-)
Klikk gjerne på bildene, så blir dei større.
Det var ein nydelig dag, men med den kalde nordavinden var ikkje temperaturen serleg høg.
Vi vurderte fleire turer, men kom fram til at innover nordsida av Dalsfjorden var det gjerne vindstille.
Det var det, og vi fekk ein flott dag !
Vi starta på nordsida, Ottersteinen ved den nye Dalsfjord brua.
(dette bildet viser sørenden av brua, Nishammaren).
Her var laga ny sti innover mot Fossevika.
Den var godt merka og tilrettelagt i eit elles litt kupert tereng i tett granskog.
Her var trapper der det trengdest og sikra med tau og kjettinger til å halde i.
Atle tar ein liten justering...:-)
Snart kom vi fram til ein lysning i skogen og såg inn i bukta
Eg har aldri gått her før, så det var spennende...
...og utruleg flott. Vi gjekk langs med stranda å beundra dei nydelege husa .
Det var både gamle hus, hus som var under restaurering og nyare bygningar.
Det er kjekt å sjå at dei blir teke vare på.
Fin utsikt mot brua var det også.
Det var varmt og godt, så her var det berre å gje seg god tid til å nyte den nydelige vårdagen og omgivelsane.
Vi fann stien som gjekk vidare til Fossedalen ...
...og kom opp på høgda og fekk ei nydelig utsikt mot brua og Dale.

Jack som er på ferie hos oss igjen ( han føretrekk Norge framfor Spania ) var utolmodig og ville vidare.
Som alle kan sjå, var utsikta upåklagelig innover Dalsfjorden.
Jack ventar på at vi skal kaste steinar i vatnet...:-)
Turen oppover til Nedre Fossedalen var fin og snart var vi inne på grøne bøar.
Flotte og godt vedlikehaldne hus her på Nedre Fossedal.
Vi var litt i tvil kor vi skulle forsette videre, men valgte turen oppover til Øvre Fossedal
Her er fint å gå, elva renn fint nedover glatte fjellet...
...og så er vi opp på flatene og Fossdalsvatnet.
Veldig fint og lett å gå langs vatnet.
Bjørkeskogen er i vårskrud...
...og graset har begynt å gro...
... og kvitveisa er i full blomst !
Stien er godt brukt, sikkert av hjort og andre dyr, men også av turfolk.
....mange idyllar...
... og himmelen speglar seg i vatnet...
...og utsikta mot Heileberget kan ikkje klagast på...
Her ved nordenden av Fossedalsvatnet....
... er vi no i Øvre Fossedalen.
Også her er det lagt ned mykje restaureringsarbeid på bygningane.
Den gamle separatoren har gjort si nytte...!
Her er det fint å raste ein slik dag....!!
Brua over elva er også i god stand.
....og Jack er alltid klar for nye utfordringar...her ville han bade.!
Men vi må nok komme oss heimatt...
....og i ettermiddagssola blei det ein flott tur langs vatnet igjen.
...og fortsatt ventar Jack på pinnen eller steinen han skal hente...!
...og han passar på ikkje ligge meir enn 20 m frå oss.
Rognen speglar seg i vatnet.
...framme ved sørenden...
...ser vi nordover i det fantastiske landskapet!
...godt å slappe av litt før nedstigninga...!
...og nedatt mot Nedre Fossedalen er det ingenting å sei på utsikta....
.....og husa ligg der fint i ettermiddagssola.
Vidare nedover passerar vi hytter og....
....uthus.
...og Jack er fortsatt i full vigør...!
Her ser vi Dalsfjorden, Fossevika, brua og Dale.
...klar for å gå ned trappa,...
....men etter litt argumentasjon måtte Jack legge att pinnen sin...!
Nede i Fossevika er det både gammalt og nytt !
Så er vi klar for siste etappe mot parkeringsplassen ved brua.
Stien er godt merka.
Fantastisk grønfarge i granskogen på denne tid...!
Bregnene strekkjer seg mot lyset.
Veldig mykje nedblesen skog. Må sikkert vere frå nyttårsorkanen i -91/92!
Og vi går etter rødmerket...
...til vi kjem til denne trappa vi ikkje gjekk i før i dag....
...og måtte gå tilbake for å finne den andre stien langs sjøen..
Og etter ein fantastisk tur, er vi no på Ottersteinen der bilen står!
Takk for besøket på bloggen !
Ha ein fin 17. mai :-)