Vetvika i Bremanger
og
Irske Tupelohttps://www.youtube.com/watch?v=EStfgRpQmH8
Vi tok turen til Bremanger
då det var rykter om irsk konsert i Vetvika
- og angra ikkje...
Klikk på bilda, då blir dei større !
Ein fantastisk opplevelse...
...men først ligg det framfor oss ein lang og varm fjelltur...:-)
Bli med ...

Vi kom til den splitter nye bubiloppstillingsplassen i Iglandsvik onsdag 9.juli.
Nydeleg vær og romsleg mellom bilane...
...og klar for tur...:-)
Starten mot Vetvika
Starta ved Svarstad torsdag kl 1200 i fantastisk sommarvær !
Starta ved Svarstad torsdag kl 1200 i fantastisk sommarvær !
Ein del av oppstiginga gjekk på grusvegen til Bremangersendaren....
....før vi svinga av på stien vidare nordover.
Flott utsikt til Fåvatnet og nordover til Stadt.
Før neste etappe må det inntakast litt drikke og anna næring.....
....det var sydenvarme, så drikke er viktig !
Ferda vidare går langs høgda nord for Karihaugen.....
....til vi kjem fram til kanten ......
...... og havet og Vetvika ligg der langt der nede under oss.
Her samlast etterkvart svært mange turgåarar...
....og vi tok det alle med ro i sommarvarmen.
Stien er godt merka, men denne dagen var det berre å følgje etter kvarandre...
Det blei tatt mange bilder denne dagen...!!
Godt med ein pause i nedstigninga.
Mange kom sjøvegen...det var nesten kø på sjøvegen og....!
Nedstigninga er bratt....
.....stupbratt, meinte mange...
....men utsikta er praktfull....
....og det går fint med alle.
Må balansere noko i denne ura....
...og litt "ekkelt" kan det vere å sjå ned fjellsida....
Må nyte synet !
Mange båtar er ankra opp, og "Haugefisk" som går i skytteltrafikk, er på veg inn med nye 70 passasjerar!
So er vi nesten framme....
.....og i denne varmen brukte vi lang tid på turen....
....men vi og dei 200 andre turvandrarane har hatt fantastisk tur over fjellet!
Den nordre delen av vika er dekka med rullesteinar.
Og så er det middag å få....
....Asbjørn hadde med TV-kanne med varmt vatn, og andre
hadde med posar med lapskaus og kylling.
Kjempegodt - tusen takk !!
Kaffien smaka godt og !
Det var godt å sette seg ned. Ingrid tørka svetten og det er ikkje rart. Trur det var over 3o gr. i bakkane over her og ikkje eit vindpust...
Dette kan samanliknast med syden.....
....blikkstille og
25 gr...
Vaksne og born bada og kosa seg overalt på stranda.
....og dei 200 båtane duva fint utanfor stranda...
....det er ikkje lett å få på land toalettet på denne grunnen....!!!
Hyggeleg å treffe på fb og fotovenner...:-)
Det er fint å vandre i irrgrønt landskap !
Den gamle gravplassen.
Dei gamle grunnmurane ligg der som minne frå tidlegare tider!
...å få doen på land gjekk ikkje, so no må ein vasse ut for å kunne bruke det...!!
Ei flott åttekjeiping !
Folk begynte å samle seg til konserten.
Konserten skulle begynne kl 1800....
....men båten som frakta dei fekk motorstopp...!!
...og blei ein time forseinka !
...men så kom dei på scena, og den irske musikken ljoma mellom fjella.
Folk storkosa seg med musikken, naturen og sommarvarmen.
Det var ei magisk stemning...:-)
Medlemmane i irske bandet Tupelo storkosa seg også i dette spektakulære landskapet....
....og fekk tilskuarane med seg på allsang og andre løyer...!!
Flott scene !
Publikummet på ca 1500 fekk ein fantastisk opplevelse denne kvelden !
Og så tok konserten slutt ....
...og vi var storførnøgde....
Tusen takk Tupelo for ein flott opplevelse :-)
Og vi snudde oss og tok farvel med Vetvika i kveldssola!
Klokka 2030 går vi forbi Solheimsvatnet.
Solheimsgarden var i si tid ein av dei største i Bremanger, og vi blei fortalt mange historier om livet på garden.
.jpg)
Langs vatnet er det flatt og fint å vandre.
Kveldssola og stillheita gir god ro !
...og mange finn flotte fotomotiv!
Fantastisk å gå innover mot fjellet.
Og så startar turen opp gjennom ura med Solheimsvatnet og Vetvika i ryggen.
Vi, og alle dei andre, storkosa oss i bakkane !
Og oppover ber det, over den eine høgda etter den andre.....
...litt kveldsmat må til....
Utsikta og kveldshimmelen var flott...:-)
Fåvatnet i nattstemning!!
Siste kneikane er no over og det flatar ut sørover .....
...i ein fantastisk flott seinkveld.!
Ser bygder på Vågsøy.
Månen ønskjer oss velkommen då vi kom hit!
Så etter fire timar er vi attende til Svarstad.
Og klokka er 24.00, og temperaturen 20 grader !
Ein eventyrleg og fantastisk dag er over.
Ei spesiell takk til Ingrid, Atle og Asbjørn som gaida oss gjennom ei flott fjellvandring denne dagen.
Takk til alle på Torvanger for triveligt selskap, mange gode historier og god latter.
Takk til alle som vi traff på campingplassen, for hyggelige samtaler og sosialt samvær.
Dette har vore ei fantastisk helg som eg aldri vil gløyme...:-)
Stor takk til Opplev Bremanger for eit flott arrangement.
Så til doke som besøkjer bloggen -
eg håpar de kan ane litt av den stemninga eg har prøvd å formidle...:-)
Tusen takk for besøket på bloggen :-)
Ha ein fin kveld !